torsdag 19. februar 2009

Vekselstraum/likestraum og ein bussjåfør, ein bussjåfør

18. februar:
Ein kan undre seg over kva arrangøren har tenkt når ein har trudd at det skulle vere "grei skuring" å få losa 23 000 menneske inn på Telenor Arena på få timar.

Vi var heldige og smarte då vi kom oss på 31E-bussen direkte frå Jernbanetorget til Fornebu, og bussjåføren viste seg å vere ein utspekulert luring. Han lova å transportere oss til arenaen på ein halv time, og vi var der etter 23 minutt! Vår bussjåfør passa på å liggje i venstrefila så lengje det var mogleg, og køyrde med det forbi ein lang kø av bussar, bilar og taxiar.

Mykje jubel og allsang av "En bussjåfør, en bussjåfør..." både ved avreise frå Jernbanetorget og då vi kom fram til Telenor Arena, og før vi hadde kome til konserten hadde mang ein konsertgjengar allereie kåra dagens mann...

Nord-irske "The Answer" gjekk på scena ca. 19:30 og varma opp dei som hadde rekt fram, før AC/DC kom på med "Rock n' Roll Train" rett etter 20:30.

Det var som forventa mykje gode gamle låter å høyre, sjølvsagt saman med eit knippe nye låter frå "Black Ice" (2008).

AC/DC såg ut til å gje alt og litt til, og saman med eit vellukka multimediashow med alt frå tog til "a whole lotta" Rosie, må ein kunne gje konserten ein sterk 5ar.

Høgdepunkta: "Back in Black", "T.N.T", "Whole Lotta Rosie", "War Machine", "You Shook Me All Night Long", "For Those About to Rock (We Salute You)", og best av alle: "The Jack". Må heller ikkje gløyme gitar-raptusen til Angus Young.

Speleliste:
Rock n’ Roll Train
Hell Ain’t A Bad Place To Be
Back in Black
Big Jack
Dirty Deeds Done Dirt Cheap
Thunderstruck
Black Ice
The Jack
Hells Bells
Shoot to Thrill
War Machine
Anything Goes
You Shook Me All Night Long
T.N.T.
Whole Lotta Rosie
Let There Be Rock
Encore 1 - Highway to Hell
Encore 2 - For Those About to Rock (We Salute You)

OsloPuls
Dagsavisen
Arrangementet: Budstikka

Ingen kommentarer: