3. juli i fjor heldt Sébastien Tellier ein storarta konsert på Oslo Live Festival på Kontraskjæret. Det flauma over av seksualitet og sensualitet og bohemisme som seg hør og bør i ånda etter det seinaste albumet "Sexuality". Nøyaktig 7 månader seinare var Sébastien tilbake i Oslo, denne gongen på Blå, og diverre ein bleik kopi av seg sjølv.

Å sjå og høyre Sébastien Tellier er alltid ei oppleving i seg sjølv, og godlåtene som "Divine", "Fingers of steel" og "L'amour est la violence" sat som dei skulle, men det heldt ikkje gjennom ein heil konsert.